Truslar frå alle kantar – er me klare?

Tid: 24. september. Dørene og baren åpner kl. 18 

Sted: Hulen i Bergen

Korleis skal me trygge det mest grunnleggande me har?

Beredskap handlar djupast sett om å verne om betingelsane for gode liv. Krig, hybridtrugslar, klimaendringar, ekstremver, pandemiar og forsyningssvikt er berre nokre av trugslane som ein kan gå ut i frå vil auke i takt og styrke i åra som kjem. Regjeringa har nett varsla store investeringar i både militær og sivil beredskap, utan at det er klart kva desse skal brukast på – for beredskap er eit rommeleg omgrep som ein ikkje alltid er klar på kva inneheld.

Gjennom dette arrangementet vil me freiste diskutere oss igjennom tre typer beredskap – demokratisk, sivil og militær.

PROGRAM:

Kl. 18:20 – Velkommen til Hulen og historien bak!

Del 1 kl. 18:30 til 19:20

Demokratisk beredskap

Demokratisk beredskap handlar både om å trygge demokratiet mot ekstern påverknad, men og korleis den offentlege debatten sjølve utgjer viktig beredskap. Onde tunger både i Kreml og på gutterommet vil ha det til at ytringsrommet i vesten er knalltrongt, og demokratiet nærast er eit fasadespel. Kor god innsats gjer norsk offentlegheit i å dementere ein slik påstand?

Går ein til og med for langt, og slepp for mange marginale stemmer til? Og korleis skal ein halde publikum og dermed demokratiet opplyst om sultefora mediehus må kutte stillingar år etter år?

Bård Fyhn fra NHH
Kåre Johan Mjør fra HVL
Sølve Rydland fra Bergensavisen

Pause kl. 19:20 til 19:40

Del 2 kl. 19:40 til 20:30

Sivil og militær beredskap

Når regjeringa varslar at ein er positiv til NATO sitt moglege nye 5-prosentmål, er det trygt å spå at det vil kome store investeringar i åra som kjem. Men korleis skal desse eigentleg gjerast? Ber totalberedskapsmeldinga bod om kraftige nok tiltak, og er dei godt fagleg funderte?

Trass noko frisk debatt i vår er det stadig vekk brei støtte bak langtidsplanen for forsvaret. Men kor mykje forsvar får ein eigentleg for 100 milliardar?

Om beredskap får ein ofte høyre at alt heng saman med alt – men kor går eigentleg grensa mellom sivil og militær beredskap? Korleis skal me handtere det viktige skiljet mellom militære og sivile handlingar, om grensa ikkje er heilt klar?

Sigmund Simonsen fra HVL
Tor Ivar Strømmen fra Sjøkrigsskolen
Agnar Tveten fra Bergen Kommune

Kveldens debatt ledes av Henrik Helgeland, debattleder fra Studentersamfunnet

Arrangementet er gratis, men krever billett!

FORSKNINGSDAGENE

Forskningsdagene i Bergen er et bredt samarbeid mellom byens forsknings- og utdanningsinstitusjoner. Målsetningen er blant annet å skape begeistring og forståelse for forskning, samt formidle hva forskningen og dens resultater betyr for oss i vårt daglige liv.

ADRESSE

Forskningsdagene i Bergen
Universitetet i Bergen
Kommunikasjonsavdelingen
Postboks 7800
5020 Bergen

Besøksadresse:
Nygårdsgaten 5, 2. etg.

KONTAKT

Silje Vik Pedersen
Leder

silje.pedersen@uib.no
+47 980 11 700

© Copyright – Forskningsdagene i Bergen – Design av Limedrop.Personvern