Haukeland universitetssjukehus, Helse Bergen

Haukeland universitetssjukehus, Helse Bergen

3D-printing på sjukehuset

3D-printing er ein spanande teknologi som gjer at ein kan lage ting i alle former og fasongar – i mange ulike materiale. Ved å bygge lag for lag kan ein lage dingsar som ville ha vore umogleg med andre metodar. Korleis kan vi bruke dette på eit sjukehus? Kan vi printe eit bein, litt hud eller ein hjerne? Går det an å printe medisinar? Vi vil syne nokre eksempel på kva 3D-printing blir nytta til ved Haukeland universitetssjukehus, kor langt er denne teknologien kommen – og kanskje kan vi saman finne ut kva vi 3D-printar i framtida?

Kom innom for å sjå 3D-printing LIVE, sjekk ut nokre kule modellar frå menneskekroppen, øv deg på 3D-konstruksjon og lær meir om korleis 3D-printing er med på å gi folk betre helse.

Medisinsk-teknisk avdeling

Blodig alvor

Kva er ein blodtype? Kva er eit antistoff? Kan ein ha blått blod? Kva er ein blodgivar og kva pasientar får blodet me har i blodbanken? Kva kan ein gjere med stamceller?

Dette og mykje meir får du lære om på stasjonen til Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin frå Haukeland universitetssjukehus. På vår avdeling blir blodgivarar og stamcellepasientar/-donorar tappa, me produserer og leverer ut blodprodukt, og me utfører mange forskjellige analysar, blant anna finn me blodtype og antistoff hos gravide kvinner og hos pasientar som skal få blod.

Avdelinga har brei forskingsaktivitet, der dei største prosjekta er innan celleterapi og utvikling av fleire blodprodukt og betre produksjonsmetodar – dette gjer vi for å betre behandlinga av sjukdom.

Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin