Forskningsdagene UNG

Mobilforsking pågår!

(Ved Institutt for informasjons- og medievitskap, UiB)

Kva blir dei neste, store mobiltenestene? Kva slags funksjonalitet blir viktig for samfunnet framover? Ungdom er ofte dei første som tek i bruk nye løysingar på nett og mobil, og som set premissane for utviklinga framover. Det er viktig for medieforskarar å vite kva ungdom legg vekt på i sin mobilbruk. På denne stasjonen søkjer forskarane derfor råd frå ekspertane – Bergens ungdom.

På stasjonen skal du registrera dine meiningar om teknologivalg, design, innhaldstypar, brukargrupper og andre eigenskapar ved moderne medier. Det vert spelt lyd- og bileteksempel frå norsk og internasjonal mediekultur, og utover kvelden ser me kva slags innretning som er mest populær. Kanskje fører dine innspel til ein ny mobilapplikasjon? Ta med mobilen, kople deg på det trådlause nettet og bli med! Forskinga føregår i aerobic-salen i andre etasje.

Sjå meir om prosjektet på bloggen http://syrenyre.b.uib.no.

Gå til webutgaven